Kronikk: Ja til grøne lunger!

Publisert av: tromsosv Publisert: 23. mai 2023
Oppdatert: 23. mai 2023
Lesetid: ca. 2 min

 av Åsne Høgetveit, representant for SV i Tromsø kommunestyre, Tromsø. Også publisert i iTromsø og Norlyds.

I Kommune og byutviklingsutvalet så stemte SV mot å opne opp for bustadar på den såkalla Tromsø radiomast-tomta på Elverhøy i Kommuneplanens arealdel, som no ligg ute på høyring. I Nordlys 16.5 kan me lesa at naboar til tomta òg er samde med administrasjonen, og 20.5 vart det aksjonert mot planane: dette er ikkje eit område der me treng opp mot 300 nye bustadar.

Kommuneplanens arealdel (KPA) er det dokumentet som bestemmer arealbruken i kommunen. Kvar skal me ha næring, bustadar, skular, beiteområde, friluftsområde, og så bortetter? Det er eit samansett og krevjande arbeid, og der både administrasjon og folkevalde må sjå på heilskapen.

Hovudårsaka til at SV ikkje ynskjer å opne for bustadar på Tromsø radio-tomta, er fordi me ikkje treng å bygge ned dette grøntområdet til fordel for bustadar. Det handlar om heilskapen i planen, og ikkje om dei eventuelle kvalitetane i Barlindhaugs byggeplanar.




Kommunestyrerepresentant Åsne Høgetveit Foto: Marius Fiskum


Dei mest optimistiske framskrivingane for folketalsutvikling i Tromsø seier at me kjem til å trenge 10 200 nye bustadar i 2050, om 27 år. Om me ser på talet på ferdigregulerte bustadar, er den såkalla bustadreserven i kommunen på om lag 8000. I dag.

Eit argument som er fremja for å bygge bustadar her, er at området i dag er vurdert å ha låg verdi som rekreasjonsområde. Mange meiner nok at det er eit lurvete område, med sin tette krattskog. Nokon fin grøn park, med trimma grasmatte, er det i alle høve ikkje. Men natur og grøne lunger, òg i urbane strøk, har verdiar og funksjonar utover å vera vakre å sjå på for menneske. Slike område er viktige for andre artar, både plantar, dyr og insekt.

Attende til bustadspørsmålet, så er det av ulike grunnar ikkje nødvendigvis mogleg å bygge ut alle dei ferdigregulerte bustadane. Med ein såpass stor reserve per i dag, meiner SV likevel at det på ingen måte hastar med å regulere nye område frå ulike grøne tiltak til bustad. I det ligg òg forståinga av at om me byggjer ned område i dag, så er det frykteleg lite å gjera med det om me om ti år ser at det var ikkje nøvdendig eller til og med sterkt uheldig.

Derimot vil det å ikkje opne meir enn nødvendig i dag, gje oss eit betre handlingsrom for nye vurderingar om fem til ti år. Me veit ikkje kvar me er om fem til ti år, knytt til det grøne skiftet og til demografi. Men eg er sikker på at me i dag har eit ansvar for å skape oss eit handlingsrom. Og noko av det viktigaste me gjer for å ta framtidsansvar er å ikkje regulere ned meir areal enn me treng.

Hastverket vårt ligg i vern av natur, ikkje i regulering av bustadar.