Dersom vi ikkje hadde byvekstavtale og bompengar…

Publisert av: tromsosv Publisert: 14. august 2023
Oppdatert: 14. august 2023
Lesetid: ca. 3 min

Det er endeleg blitt semje mellom kommunen, fylket og staten om ein byvekstavtale for Tromsø. Det er ein avtale som gjer at staten vil bidra med i overkant av 1,6 milliardar til Tromsø som vi ikkje ville fått utan bompengane og ein byvekstavtale.  Desse pengane kjem i tillegg til det vi får gjennom bompengar og bidrag frå kommunen og fylkeskommunen. Men i Tromsø er det ein del som meiner vil skulle takka nei til desse pengane.

Av Pål Julius Skogholt, SV

Portrettbilde Pål Julius Skogholt
Foto: Marius Fiskum

Det overordna målet for byvekstavtalen er: “at klimagassutslipp, kø, luftforurensning og støy skal reduseres gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten tas med kollektivtransport, sykling og gange (nullvekstmålet).”

I byvekstavtalen (inkludert bypakken) ligg det inne viktige tiltak som vil gjere Tromsø til ein betre by å bu i for folk. Bussen vil komme raskare fram, det vil bli mykje tryggare for ungane våre å komme seg til skolen, det vil bli betre for oss alle når vi går og syklar, og det vil bli betre for alle oss som bruker bil.

Byvekstavtalen vil gjere det enklare å komme seg rundt i byen vår, anten du er ung eller gamal, anten du køyrer eller går. Og, det er viktig å hugsa på at det er nesten ingen av oss som er berre bilistar, eller berre syklistar, eller berre bussar. Dei fleste av oss både går, køyrer syklar og bussar. Uansett korleis du tar deg fram akkurat i denne dagen vil vi i løpet av dei 10 åra byvekstavtalen gjeld for oppleve at byen vår blir betre.

Kva vil konsekvensen vere av at vi fjerna byvekstavtalen? Det er eit viktig spørsmål som dei som er mot byvekstavtale må svare på.

For realiteten er at det er byvekstavtalen som gjer at bussen går så ofte som den gjer. Det er byvekstavtalen som er grunnen til at vi har blant dei lågaste bussprisane i landet.

Skal vi gå tilbake til ein situasjon der det sjeldan går buss også i tettaste byen? Skal vi verkeleg auke prisen for buss, når vi veit at dei som har minst blant oss brukar bussen meir enn dei av oss som har gode inntekter?

Vi har gjennom det siste året gjort fleire skolevegar tryggare, og dei neste åra skal vi bruke – gjennom byvekstavtalen – bruke mange hundre millionar til på å sørge for at ungane våre kan gå og sykle trygt til skolen. Skal verkeleg ikkje dei ungane som bur der vi enno ikkje har fått gjort noko med skoelvegane ikkje få like trygge og gode skolevegar som dei andre?

Gjennom byvekstavtalen skal vi bruke mange hundre millioner til å oppgradere Stakkevollvegen slik at vegen blir betre for alle brukarane, dei som køyrer, dei som går og dei som syklar. Vi kjem til å få gjort noko med trafikken i Giæverbukta. Vi vil oppleve at det blir betre også når vi køyrer bil. Og, ja, Kavløyforbindelsen er med.

Ja, bompengane er ein kostnad. Og, dei kjem på toppen av aukande renter og stigande matpriser. For nokre kan det bli vanskeleg. Derfor har vi og innført ei ordning som gjer at småbarnfamiliar med dei lågaste inntektene kan få refundert delar av bompengekostnadane.

Dei siste  30 åra er vi blitt 20 000 fleire tromsøværingar. I den same perioden har det nesten ikkje skjedd noko med infrastrukturen vår. Det er heilt naudsynt at vi får til eit løft og byvekstavtalen  er einaste måten vi får det til på.