av Pål Julius Skogholt, gruppeleiar for Tromsø SV
Budsjettet for Tromsø kommune for 2026 kjem til å bli utfordrande for både innbyggarar og tilsette i Tromsø. Det er eit budsjett med store nedskjæringar. Frå samarbeidspartia har vi likevel klart å gjere nokre viktige forbetringar.





Gjennom forliket mellom SV, Ap, Raudt, MdG og Sp på Stortinget fekk Tromsø kommune ca 30 millionar meir. Det er sjølvsagt alt for lite, men vi tar mot alt vi får med takk.
Desse pengane har vi brukt på det eg meiner er ein god måte.
Få siste nytt fra Tromsø SV en gang i uka!
Få nyhetsbrev – Klikk herNoko av det aller viktigaste vi gjer er at vi sikrar både miljøterapeutane i ungdomsskolen og sosiallærarar i barneskolen. Dette er utruleg viktig for å styrke laget rundt elevane, støtte dei som slit mest på skolen og for å avlaste lærarane. Eg synst Lisa Eidissen sa det godt i eit innlegg i nordnorsk debatt:
«Personlig vil jeg berømme og takke for kommunens investeringer i miljøterapeuter ut i skolene. Det er de som har hatt tid til å ta imot elevene og ha samtaler. Miljøterapeuten vår har organisert elevråd, juleball, karneval, revysamarbeid, rebuser, klassesamtaler og alt som tilhører det som er trygt og godt med å komme på skolen.»
Eg er stolt over at vi klarer å behalde desse viktige menneska i skolen.
I den andre enden av skalaen tar vi to svært viktige grep for dei eldre i kommunen vår. Vi set av pengar til eit nytt dagsenter. Dagsenter for heimebuande eldre gjev tilbod som skal forebygge sosial isolasjon, einsemd og funksjonstap av ulike årsaker. Formålet er å hjelpe til med meistring, sosial støtte, aktivisering, ernæring og auka livskvalitet. Dagsenter er eit av dei områda der vi har aller lengst venteliste i kommunen vår. Eit nytt dagsenter vil hjelpe mykje.
I tillegg får vi til å utvide tilbodet på Seminaret. Vi går frå åtte til 15 omsorgsbustader+ der. I Tromsø har vi stort behov for desse plassane. Sju nye plassar er ikkje nok, men det er eit bidrag i rett retning.
Det er mange frivillige organisasjonar i Tromsø som gjer ein fantastisk jobb. Anten det er matutdeling, støtte til overgrepsoffer eller tilbod til folk som fell utanfor på grunn av rus. Det var foreslått frå kommunedirektøren å redusere tilskotta til desse organisasjonane med ein fjerdedel. Det har det vore viktig for SV og samarbeidspartia i kommunen å gjere noko med.
Gjeve den tøffe økonomiske situasjonen til Tromsø kommune er eg stolt over dei prioriteringane SV, Ap, Raudt, MdG og Sp er blitt samde om.