Årsmøte 2017

Styret i Tromsø SV kallar med dette inn til årsmøte i Tromsø SV på torsdag 26. januar klokka 1800 til 2100 på Saga Hotell. Vi håper å sjå mange av dokker på møtet. Dette er ei god anledning til å påverke arbeidet i Tromsø SV og å snakke med kommunestyregruppa og andre. Det blir ei politisk innleiing ved Wenche Cumming som er leiar for Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Saksliste

  1. Konstituering
  2. Politisk innleiing v/ Wenche Cumming
  3. Årsmelding styret 2016
  4. Årsmelding fra kommunestyregruppa
  5. Regnskap 2016 
  6. Arbeidsplan 2017
  7. Forslag til budsjett 2017
  8. Uttalelsar
  9. Val til styret og delegatar til års- og nominasjonsmøtet i Troms SV

Dei sakene som er klikkbare er sakspapira ferdige. Dei andre kjem fortløpande. Valkomiteen vil gjerne ha innspel og forslag, særleg på delegatar til fylkesårsmøtet som er i Tromsø 18.-19. februar. Har du lyst? Send ei melding til Jens Revold (jens.revold@gmail.com).

Vi vil gjerne ha forslag til uttalelsar frå møtet. Fristen er møtestart. Men, fint om vi får dei inn før. Send forslaget ditt til tromso@sv.no

Vedtektene for Tromsø SV finn du her.

Med venleg helsing

Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV