Av Pål Julius Skogholt
Det korte svaret på spørsmålet er at vi har brukt meir pengar enn det vi har, og vi må framover bruke mindre pengar. Men det lange svaret er nok meir interessant.
Det kan vere lurt å starte med å samanlikne oss med andre kommunar. Kva gjer vi som er forskjellig frå andre kommunar i landet.
Det er særleg på to område der Tromsø skil seg ut. Det eine er at vi har investert meir enn mange andre kommunar
Det andre er korleis vi brukar pengane.
Dersom vi hadde fordelt likt med landssnittet ville vi brukt omlag 220 millionar mindre på pleie og omsorg og hatt eit driftsresultat som var omlag 230 millionar høgare.
Så kort oppsummert, samanlikna med andre vi bruker for mykje pengar på pleie og omsorg og vi har lånt for mykje pengar.
Kva har vi investert i?
Så kan det vere verd å sjå litt på kvar vi har brukt dei store investeringspengane dei siste åra. Den heilt klart største einskildinvesteringa er ny skole på Kvaløya. Deretter er det samlepostar innafor veg/trafikksikre skolevegar/samferdsel, bustader (omsorgsbustader, flyktningebustader ol.) som er dei aller største postane. Det har og vore investert i areal og bygg (Åsgårdmarka, Sydspissen, Gamle lærarhøgskolen), oppgradering av skolar og barnehagar, parkar og idrett.
Det er i alle fall ei investering som eg i etterpåklokskapen klåre lys angrar på og det er kjøpet og oppgraderinga av den gamle lærarskolen i Mellomvegen 110. Det vart alt for dyrt, sjølv om den no er tatt i bruk av barnevernet og vaksenopplæringa og fungerer godt. Det fører og til at vi vil spare på lågare husleigeutgiftar framover.
Kvar kan vi spare
I Tromsø har vi prioritert pleie og omsorg svært høgt. Det er eg glad for, og stolt over. Det er ingen tvil om at det vil kunne redusere kvaliteten på tilbodet om vi skal bruke mindre pengar på dette området framover. Den store utfordringa er at samstundes som vi må redusere innsatsen her blir det fleire eldre og fleire som dermed treng hjelp frå kommunen.
I skolen har vi ei utfordring med at vi har mange elevar som individuelt tilrettelagt opplæring (spesialundervisning). Meir enn kvart femte lærarårsverk går til slik undervisning. Her må vi klare å bevege oss frå ein-til-ein tilbod til tilbod i mindre grupper. Det kan ofte vere eit like godt eller betre tilbod samstundes som det er billigare. Men, vi må vere klår over at reduksjon i den alminnelege undervisninga vil kunne auke behovet for individuelt tilrettelagt opplæring. Det er fort gjort å spare seg til fant.
Korleis kjem vi oss ut av situasjonen
I den økonomiske situasjonen vi er no meiner vi i SV må vi jobbe langs fire like viktige linjer.
- Vi må klare å skjerme dei gruppene som har størst behov for hjelp frå kommunen og vi må forsøke å ikkje kutte i forebyggande tilbod.
- Vi må halde fram jobben med å redusere utgiftene våre så mykje som mogleg innafor pleie og omsorg, og alle andre sektorar. Det må vi gjere utan at vi sparer på ein slik måte at alt blir dyrare seinare og utan at vi slit ut dei som jobbar i tenestene. Det vil ta tid. Vi må ikkje ha panikk, og bruke den tida vi treng for å komme ut av situasjonen.
- Vi må utsette viktige investeringar for å redusere det vi betaler i renter og avdrag. Det betyr at viktige bygg og institusjonar vil bli bygd seinare enn vi kunne ønska oss.
- Vi må sjå om vi kan få til å auke inntektene våre. Det er i hovudsak to alternativ. Vi må overtyde staten om å bidra meir, og vi må få meir ut av det kommunen eig. Det kan bety å selje, men det kan og bety å auke avkastninga frå kommunale selskap.
Oppsummert. Det er sannsynlegvis ingen kvikk fiks på Tromsø kommune sine problem. Vi har i all hovudsak brukt pengane på fornuftige ting. Det vil ta tid for kommunen å komme seg over denne kneika om vi ikkje vil rasere tenestetilbodet, eller om vi ikkje klarer å auke inntektene.