Nominasjonskomiteen føreslår Line Elisabeth Solbakken som ordførarkandidat for SV

Førsteutkastet til valliste for Tromsø SV til kommunestyrevalet i 2027 er klart og me sender utkastet til medlemmane. Nominasjonskomiteen føreslår Line Elisabeth Solbakken på førsteplass.

Line er frå Alta, men har budd i Tromsø i over 20 år. Ho er utdanna psykolog og arbeider som forskar. Line kom inn i kommunestyret for SV i 2023, og sit i Helse- og velferdsutvalet. I perioden då Sigrid Hammer var i foreldrepermisjon fungerte Line som varaordførar. Line har synt seg som ein dyktig og samvitsfull folkevald, og ho har stor motivasjon for å arbeide med hjertesakene boligpolitikk og velferdstenester. Ho meiner SV må vera med på å gjere dei vanskelige prioriteringane, for at dei som har minst, ikkje skal få den største rekninga.

Line Solbakken er foreslått som Tromsø SVs ordførarkandidat ved valet i 2027

Utover Solbakken føreslår nominasjonskomiteen Matias Kjerstad, Sigrid Bjørnhaug Hammer, Geir-Vidar Øverås, Manar Kalaji og Brynjar Saus på dei kumulerte plassane. Det heilheitlege listeforslaget dekker breidda av partiet, med kandidater i ulike aldrar, bustad, yrke og kulturell bakgrunn.

Dersom du har innspel til førsteutkastet til nominasjonskomiteen kan du ta kontakt med leiar av nominasjonskomiteen, Åsne Høgetveit, seinast 5. november. Du kan kontakte henne på epost aasne.hoegetveit@gmail.com, eller telefon 971 04 852.

Nominasjonskomiteen vil legge fram sitt endelege forslag til liste seinast 12. november 2026. Det er alle medlemmane som møter opp på nominasjonsmøtet 26. november som avgjer vallista til Tromsø SV for kommunestyrevalet 2027.

Nominasjonskomiteen føreslår at dei seks øvste kandidatane blir førehandskumulerte, altså at desse kandidatane vert gjeve eit stemmetillegg av partiet.

Førsteutkastet:

  1. Line Elisabeth Solbakken, 1983

Line sit i kommunestyret, i Helse- og velferdsutvalet og er leiar i arbeidsprogramkomiteen i Tromsø SV. Ho er utdanna psykolog og arbeider som forskar.

  1. Matias Kjerstad, 1993

Matias sit i kommunestyret og i Kommune- og byutviklingsutvalet. Han har tidlegare vore lokallagsleiar. Han er arbeider som jurist i administrasjonen ved UiT Noregs arktiske universitet.

  1. Sigrid Bjørnhaug Hammer, 2001

Sigird er varaordførar og leiar i likestillingsutvalet. Ho er utdanna samfunnsplanleggar.

  1. Geir-Vidar Øverås, 1976

Geir-Vidar er miljøterapeut i Bufetat, miljøarbeidar i Tromsfylkeskommune og i Tromsø kommune og sjåfør for Bussring. Han sit i styret i Tromsø SV, er vara i kommunestyret og i helse og velferdsutvalget. Han er òg nestleiar i fagforbundet avd 474, og frivillig i røde kors.

  1. Manar Kalaaji, 1970

Manar arbeider i NAV og har bakgrunn som forskar. Ho er styremedlem i Tromsø SV, og leiar i Tromsø basketballklubb.

  1. Brynjar Saus, 1996

Brynjar er prosjektleiar for Tromsø som europeisk ungdomshovudstad, utdanna fysiker og har tidlegare vore kommunestyrerepresentant og vara på Sametinget.

7. Pernille Lind Hjertø, 36, Mortensnes

8. Håvard Rokkan, 27, Bjerkaker

9. Veronika Løveng-Hansen, 48, Storelva

10. Tony Winkler, 46, Tromsdal

11. Sidsel Fjelltun, 38, Workinmarka

12. Tobias Kokslien, 29, Skjelnan

13. Maria Wirkola, 47, Storelva

14. Ken Tore Junge, 57, Selnes

15. Rannveig Grøm Sæle, 48, Solneset

16. Jostein Thunestvedt, 20, Mortensnes

17. Bi Haavind, 73, Ersfjord

18. Jørn Dietze, 36, Ersfjord

19. Synne Lockert, 28, Krokelvdal

20. Michael Albury-Wold, 30, Bjerkaker

21. Guro Utne Salvesen, 33, Bjerkaker

22. Hans Christian Askheimer, 51, Mortensnes

23. Inger Marie Skogholt, 18, Mortensnes

24. Lemet Mihkkal Hætta, 28, Lunheim

25. Kjellaug Enoksen, 73, Tromsdal

26. Bror-Magnus Sviland Strand, 37, Hamna

27. Amalie Egeland Moen, 32, Stakkevollan

28. Peter Andre Jensen, 45, Bjerkaker

29. Mariann Løkse, 56, Workinmarka

30. Paul Oddgeir Jensen, 71, Ersfjord

31. Marie Hella Lindberg, 36, Reinen

32. Stein Valkoinen, 62, Mortensnes

33. Oddveig Helen Øien Ørvoll, 64, Sandnessund

34. Peter Lorentz Mahle, 26, Workinmarka

35. Stine-Andrea Hasselberg, 36, Krokelvdal

36. Trygve Kristoffersen, 30, Prestvannet

37. Tone Bjørnsen, 79, Workinmarka

38. Geir Wang, 76, Workinmarka

39. Elisa Christine Eriksen, 38, Gyllenborg

40. Tor Halvard Stranda, 70, Gyllenborg

41. Enja Zhang Olsen, 33, Workinmarka

42. Leif Magne Tangen, 48, Gyllenborg

43. Berit Hemmingsen, 59, Bjerkaker

44. Uthayarajan Odén Singarajah, 60, Gyllenborg

45. Ingvild Hansen Ivan, 35, Prestvannet

46. Martin Sollund Krane, 47, Fagereng

47. Åsne Høgetveit, 41, Gyllenborg

48. Jørund Jørgensen, 46, Bjerkaker

49. Gunhild Glosemeyer Johansen, 75, Prestvannet