Velkommen til møte om kommuneplanens arealdel (KPA) 30. mars kl. 19:00 på partikontoret

Publisert av: tromsosv Publisert: 22. februar 2023
Oppdatert: 03. mars 2023
Lesetid: ca. 1 min

Når: torssdag 30. mars 2023 kl. 19
Hvor: Strandskillet 3, 9008 Tromsø (SVs partikontor)

Adminstrasjonen har blitt nøydd til å utsette framlegget av forslaget til kommuneplanens arealdel. Me utsett derfor medlemsmøtet til torsdag 30. mars kl. 19:00 på Strandskillet 3, Tromsø SVs partikontor.

Møtet blir halde i samband med at Kommune- og byutviklingsutvalet i kommunen skal drøfte å legge utkastet til KPA ut på offentleg ettersyn. Det er altså fyrste gong me får utkastet til ny KPA til politisk handsaming.

Kommuneplanens arealdel skal gje hovudtrekka i arealbruk, og rammer og krav for nye tiltak og ny arealbruk. I tillegg skildrar KPAen kva viktige omsyn som kommunen og samfunnet må vareta ved bruk av dei ulike areala. Det betyr at KPAen er plassen for dei store diskusjonane om kva areal me set av til nye bustadar, offentleg infrastruktur og næringsareal, til bymarka og grøntstruktur, til jordbruk, fritidsbustadar, utmark og reindrift, for å nemne noko. Så KPAen gjev viktige føringar for både byutvikling og distriktsutvikling.

Endeleg vedtak av KPAen skal etter planen skje i kommunestyret i august: etter at planen har vore til offentleg ettersyn, og innkomne merknadar er handsama. Så medlemsmøtet er meint som ein oppstart av handsaminga i partiet, der me fyrst og fremst vil presentere forslaget administrasjonen har utarbeidd, og peike på viktige saker for SV.

Venleg helsing

Åsne Ø. Høgetveit
medlem av Kommune- og byutviklingskomiteen og formannskapet