Eg heiter Pål Julius Skogholt . Eg er gift og har tre barn. Eg er no leiar for oppvekstutvalet og formannskapsmedlem i Tromsø, og jobbar heiltid med politikk i Tromsø.
For min del var det torskekrisa i 1989 som gjorde meg politisk aktiv. Det å på nært hald sjå kor viktig fordelinga av ressursane var og er for menneska og samfunn har gjort meg levande opptatt av å sikre at fiskeressurasr og alle andre naturressursar blir forvalta til beste for folk, og ikkje til beste for nokre få.
I tromsøpolitikken trur eg noko av det aller viktigaste er å jobbe med korleis vi utviklar denne byen til beste for alle. Korleis bygger vi nok hus for alle som vil bu i Tromsø, utan at vi øydelegg bumiljøa våre? Kor tett og høgt kan vi bygge? Eg meiner at vi over lang tid har latt utbyggarane legge for mykje av premissa for utviklinga av Tromsø. Vi treng større kontroll av at uteområde, leikeområde og nye hus fungerer for alle og fungerer for dei miljøa der dei høyrer heime. Ein del av dette er å sikre at vi ikkje kveles av trafikken i denne byen. Vi ser at vegsystemet vårt ikkje er godt nok. Småvegane i bustadområda våre er overbelasta, dei større vegane våre er overbelasta, og dersom vi ikkje klarer å få fleire til å ta buss, til å sykle og gå så vil transporten stoppe opp. Det vil bli verre for astmatikarar og det vil bli vanskeleg for barn som skal gå til skole og fritidsaktivitetar. Derfor teng vi ein god byvekstavtale.
Før eg tok til å jobbe med lokalpolitikk har eg jobba i Senter for fjernteknologi, eg har vore statssekretær i Næringsdepartementet og fylkesråd for utdanning. Utdanninga mi er innan fiskeri, eg har ein Master of Marine Management.
Eg representrer SV i kommunestyret fordi eg trur på eit samfunn med små forskjellar mellom folk og at vi i fellesskap kan finne dei gode løysingane for velferd og samfunnsutvikling.
Sjekk ut mine kontoer på sosiale medier!