Reglement for kommunestyregruppa til Tromsø SV

Vedtatt i gruppemøte 3. mars 2024. Godkjent av styret i møte 14. mars 2024

Reglementet i PDF-versjon finner du ved å trykke her.

  1. Dette reglementet styrer arbeidet i Tromsø SVs kommunestyregruppe. Reglementet er vedtatt av gruppa og godkjent av styret i Tromsø SV
  2. Gruppa består av dei fast innvalde i kommunestyret og like mange vara som det er innvalde. Dersom det er medlem i eit hovudutval som ikkje er blant desse er vedkomande og med i gruppa. Lokallagsleiar møter i gruppemøtet med fulle rettar, inntil to fleire frå styret kan delta i gruppemøtet med tale- og forslagsrett. Dersom lokallagsleiar allereie er medlem av gruppa, kan ein annan frå styret møte med fulle rettar.
    1. Gruppa vel gruppeleiar og gruppestyre.
    1. Vanskelege saker som blir endeleg avgjort i utvala skal leggast fram for gruppleiar, gruppestyret eller gruppemøtet.
    1. Fraksjonane i utvala har til vanleg hovudansvar for å følgje sine saker i kommunestyret og delta i debatten der etter behov.
    1. Fraksjonane må gjere greie for sakene frå sine utval i gruppemøtet.
  3. Gruppa skal ha ein fast møtedag i forkant av kommunestyremøtet og før hovudutvalsmøta. Det kan elles kallast inn til gruppemøte etter behov. Gruppeleiar eller 3 medlemmar av gruppa kan kalle inn til gruppemøte.
  4. Gruppa stemmer i utgangspunktet samla i alle saker i kommunestyret. Dersom eit medlem ønsker å stemme annleis enn dei andre må det meldast frå om på gruppemøtet. Gruppa skal tillate slik eiga stemmegjevnad om det ikkje endrar på utfallet av saka.  Dersom eiga stemmegjevnad endrar på utfallet av saka, skal det vektige grunnar til for å stemme annleis enn gruppa. Gruppa avgjer kva som er vektige grunnar.
  5. Alle forslag ein ønsker å fremme i kommunestyret skal til vanleg leggast fram til drøfting i gruppemøtet.
  6. Gruppeleiar, eller person utpeikt av denne forhandlar og samordnar med samarbeidsparti om felles standpunkt i kommunestyret. Dersom resultat av forhandling/samordning avvik betydeleg frå gruppa sitt standpunkt i gruppemøtet skal gruppa få høve til å ta stilling til om ein akepterer forhandlingsd-/samordningsresultatet. Dette kan skje gjennom elektroniske kanlar (chat eller epost)
  7. Gruppa skal legge fram vanskelege og prinsipielle saker for styret i lokallaget (ref. §9 i vedtektane til Tromsø SV)
  8. Kommunestyrerepresentantar og andre som har betalte verv for Tromsø SV betaler 10% partiskatt av brutto godtgjering til partiet. (ref. § 9 i vedtektane til Tromsø SV). Styret i Tromsø SV kan etter søknad gje heilt eller delvis fritak frå partiskatten.
  9. Personar som innehar verv for partiet som er på heiltid/deltid betaler 5% av bruttoinntekt. (ref. §9 i vedtektane til Tromsø SV)
  10. Det skal ikkje betalast partiskatt av tapt arbeidsforteneste. I tvilstilfelle gjer styret for lokallaget vurdering av kva sats som skal gjelde. Styret i Tromsø SV kan etter søknad gje heilt eller delvis fritak frå partiskatten. (ref §9 i vedtektane til Tromsø SV).
  11. Gruppeleiar tiltrer styret i Tromsø SV. Resten av kommunestyregruppa er vara til styret dersom dei ikkje allereie er medlemmar av styret.