Kunnskapslaust av Høgre

Er det for å kunne kutte i formuesskatten at Høgre vil legge ned skolar i Tromsø? Tromsø fekk i 2024 inn 220 millionar i formuesskatt. Dette er pengar Høgre vil at kommunen ikkje skal få. Det er ganske typisk at Høgre heller vil kutte i formuesskatten enn å behalde gode skolar og velferd i Tromsø.

Av Pål Julius Skogholt, SV

Å legge ned ein skole er eit svært alvorleg tiltak for ei bygd eller ein bydel. Dersom vi skal gjere det må vi i alle fall vere heilt sikre på at vi har den informasjonen vi treng for å gjere ei slik vurdering. Det er derfor eigna til å forundre at Høgre har konkludert med å legge ned skolar utan at vi har fått eit oppdatert og kvalitetssikra kunnskapsgrunnlag frå administrasjonen.

Portrett av gruppeleiar Pål Julius Skogholt

Vi veit alle at elevtalet i Tromsø har gått ned, men det er ikkje gitt at det er fysisk mogleg å få plass til elevar på andre skolar utan større utbyggingar. Og, dersom det er noko vi kan vere sikre på så er det at det er lite sannsynleg at Tromsø kommune kan låne pengar for å bygge ut skolar.

Det ser heldigvis og ut til å oppstå ei einigheit i Noreg om at vi treng ein meir praktisk skole og ein skole som har plass til meir leik i alle fall for dei yngste. Ein slik skole vil ofte krevje meir plass for å få til god undervisning. Det vil vere ei viktig del av vurderinga som må gjerast når vi får eit oppdatert kunnskapsgrunnlag.

For SV sit det veldig langt inne å legge ned skolar. Vi avviser ikkje at det kan bli naudsynt i nokre tilfelle, som Sjursnes og Vengsøy der det var så godt som ingen elevar igjen. Men vi vil på det sterkaste advare mot å ta ei slik beslutning på svakt faktagrunnlag og som eit tilfeldig utspel i avisene.

Så det kan vere verd å spørre Høgre, når dokker er så sikre på at vi må legge ned skolar. Kva skolar er det som dokker meiner bør forsvinne?