Nominasjonsprosessen er i gang
Tromsø SV har starta prosessen med å lage ny kommunestyreliste for kommunevalget til neste år. Nominasjonskomiteen har ansvaret for arbeidet med å samle inn forslag, intervjue kandidatar og innstille på kven som skal representere SV i kommunestyret i perioden 2027–2031. Det er nominsjonsmøtet i november 2026, som avgjer vallista til Tromsø SV til kommunestyrevalet i 2027.

Målet til komiteen er å setje saman ei mangfaldig valliste som syner SV som eit truverdig og sterkt alternativ ved kommunestyrevalet. Pål Julius Skogholt som var førstekandidat ved forrige val har sagt at han ikkje ønsker gjenval, vi må derfor finne ein ny førstekandidat.
Her finn du namna på dei som sitt i nominasjonskomiteen, førebels framdriftsplan, og kordan du kan sende inn innspill.
Nominasjonskomiteen for Tromsø SV vart valt av årsmøtet 31. januar 2026 og er sett saman av:
- Leiar: Åsne Ø. Høgetveit, aasne.hoegetveit@gmail.com, 971 04 852
- Medlem: Frode H. Henriksen frodehaugstvedt@gmail.com , 90476513
- Medlem: Anders Lind
- Medlem: Pål Julius Skogholt pal.julius@skogholt.org , 97077457
- Medlem: Lukas Fredheim (SU)
Førebels framdriftsplan:
- 30. mai 2026 – Frist for noverande representantar og varaer om å melde om dei ynskjer attval, og for medlemmar å sende inn namneforslag.
- Juni 2026 – Nominasjonskomiteen byrjar å intervjue moglege kandidatar.
- 3. september 2026 – Nominasjonskomiteen sender førsteutkastet til liste på høyring i lokallaget.
- 24. september 2026 – Frist for å sende høyringssvar til førsteutkastet til liste
- 27. oktober 2026 – Nominasjonskomiteen legg fram sitt endelege forslag til vallista
- Medio november 2026 – Nominasjonsmøtet i Tromsø SV
Framdriftsplanen kan bli endra undervegs.
Kom med innspel
Vi set pris på om du fyller ut dette skjemaet for å sende inn forslag til kandidatar (du må gjerne føreslå deg sjølv): https://app.zetkin.org/o/848/surveys/3047 Du kan elles ta kontakt med nominasjonskomiteen ved å ringe, sende sms eller sende e-post til leiar av nominasjonskomiteen Åsne Ø. Høgetveit, aasne.hoegetveit@gmail.com , 971 04 852.
Med venleg helsing
Åsne Høgetveit